fredag 11. juni 2010

Snart sommar

Heisann der
ein fornøgd (og sliten?) festdeltakar her
de som ikkje var der kan "angre" no
for festen - den var både artig og god

allerede før arbeidsdagen var omme
begynte grill-lukta å komme
oppover i etasjane der borte i fløyen min
og det førte naturlig nok til litt arbeidslyst-svinn

i tillegg var været varmt og godt
ja, det var til tider direkte flott
greitt nok at sola glimra med sitt fravær inniblandt
men pytt pytt, det taklar vi riktig så galant

grillmat var det rikelig av på alle fat
og stemningen var stor der vi sat
benka rundt fleire bord midt uti dammen
riktig så kjekt var det at så mange var sammen

og deltok på årets rebusløp rundt Telenorbygget i går
men vurderer enno om systemet "nå får"
ein RUH i handa dagen derpå
for dei som satte ut postane hadde nemlig ikkje tenkt på

at standard antrekk på fest ofte inneheld høge hælar
ikkje alle går rundt i Drillo sine "pælar"
så konklusjonen var at vin er bedre enn gnagsår
derfor gikk eg berre halve løypa før eg "storma" i mål

sang og dans var det også på programmet
og det heile foregikk riktig så dannet
har så langt ikkje høyrt om hverken skader eller fravær
på festen som blei avslutta med ein lettare type regnvær

God helg!

torsdag 3. juni 2010

Kampen om formen, del 2

Teknikken kan kanskje brukast til mangt
men utan det grunnleggande kjem ein ikkje langt
det hjelper ikkje mykje med pausegymnastikk ein dag eller to for veka
for med kun det i botnen er det ikkje så lett å "kreka"

seg både opp og ned på diverse tindar og toppar
og om du i tillegg finner mange "gode" grunnar til å stoppa
så er det meste gjordt i kampen om formen
den virkar tapt - og det utan eingang å komme ut for stormen

pytt, pytt - den kan ikkje vere så vanskelig vel
eig ikkje kondis, men prøver lel
inspirert av TV-serien med Lars Monsen og dei andre
la eg i veg, og brått var eg kommen så langt at det var for seint å angre

målet var å starte tidlig og komme i mål før bakpatruljen kom rekande
og det gikk jo nesten lekande
lett og greitt og alt det der
men dagen derpå verkte det i både legger og knær

til slutt kom vi da i mål, både "målet" og eg
det var fleire gonger eg trudde det ikkje skulle skje
eg er av dei som ikkje er laga for motbakkar med asfalt på
manglar sansynligvis genet som beordrar meg til å gå

så no har eg tenkt å legge meg i langsom trening til neste lange tur
tenker eg tar eit "skritt" om gangen, for da er eg lur
slik at eg ikkje sliter meg ut eller blir overtrent
og kanskje passar bunaden og - eg ventar så spent!

søndag 18. april 2010

Kampen om formen, del 1

Teknikk kan brukast til så mangt
også som hjelp til å nå litt langt
spesielt når det er snakk om å nå ein eller anna topp
med sin meir eller mindre (heller) utrente kropp

putt inn all relevant data og les av
men husk, det er ikkje alltid du får det resultatet du helst vil ha
for det er no ein gang slik at for å resultat kreves det innsats av deg
det er ikkje lett, iallefall ikkje når du er fødd "litt treg"

teknikken viser ein OwnIndex på "very low"
men det er ingen ting å vera spesielt "krye tao"
inspirasjon og motivasjon er to ord som har vore fraverande i mitt vokabular
det må eg nok gjøre noko med no, i og med at eg har

meldt meg på ikkje berre ein men to utfordringar no i løpet av mai
og det betyr at eg virkelig må "ta i"
for å komme meg både opp og ned og jamvel heilt i mål
da eg ikkje er kjent for å vere spesielt rask til å gå

første skritt på vegen mot toppen var å anskaffe ny sko
får berre håpe dei er go'
utstyret skal det iallefall ikkje vere noko i vegen med
så no må eg berre overbevisast om at ikkje utstyret aleine får ting til å skje

ein god plan må du også få til
den må vere realistisk og vise kva du trenger for å det som du vil
men samtidig må den vere både spenstig og ambisiøs
for du når ikkje toppen ved å gå rundt å berre vere søt....

delmål ein er å auke aktiviteten fra "low" til "moderate"
og i løpet av april vil eg sei at den bør vere heilt grei
skulle det ikkje gå heilt etter planen er det eg som må lide
for det er eg som må gå ut og " si de"

no gjenstår det berre å brette opp armane, ta på skoa og gå ut
det er like godt å begynne, eller blir det berre ei stor "sut"
for korleis eg skal greie målet om ein bedre trent kropp
og komme tilbake til den gang eg var topp.

fortsettelse følger......

torsdag 4. februar 2010

Kapasitet, eller ikkje kapasitet

Kapasitet, eller "maksimal evne til å produsere" - om du vil
det seier litt om kva du er istand til å få til
i løpet av dagen
det er heldigvis ikkje (?) eit ord for omkretsen av magen

rundt omkring høyrer ein ofte om kapasitetsmangel
det er ein kjensgjerning at slikt kan føre til ein real krangel
sjå berre på dei som brøytar snø (eller ikkje)
dei vil jo som kjent utstyre seg med ein "elektrosjokk brikke"

dette for å unngå at dei som ikkje veit noko om korleis snøbrøyting skal foregå
skal komme i vegen for dei, ja enda til slå
fordi dei er misfornøgd med snøbrøytarens kapasitet
her kan det fort bli snakk om ein stemnining ala elektrisitet

kapasitet kan også bety holde, motta eller absorbere
som vel går litt på det å ta imot det som andre måtte levere
"alt" går nok ikkje strake vegen "inn"
for det er ikkje alltid like lett å "ta imot med eit åpent sinn"

men ettersom tida går , og du får fleire år på baken
lærer du kanskje at det er fleire sider av "saken"
at det ikkje berre er di side som er rett
og av og til kan det jammen vere "ett fett"

for du treng ikkje heile tida å ha kapasitet til "alt"
og det er slett ikkje gale å få fortalt
til andre at kapasiteten din er "full"
og skal eg ta også dette blir alt berre tull!

God helg alle sammen!

torsdag 7. januar 2010

Den store kampen

For lenge sidan hadde vi den store kokke-kampen
vi hadde dansekampen, kjærestekampen, slankekampen og heilt sånn på tampen
har vi jammen tatt opp kampen mot den største lasten av dei store
no skal sjokoladen begravast, og det på det aller borteste jordet

theobrõma cacão = gudemat
er det rart "alle" vil ha kakao og sjokolade på sine fat?
underteng tilhøyrer så absolutt kategorien "alle"
for i den "fella" var det ikkje vanskelig å falle

men no er det slutt - tur eg....
for mykje av det gode er nemlig ikkje noko godt for meg
sjølv om smaken er god så varar den ikkje lenge
og etterpå er det andre virkningar "som henger og slenger"

men å bli uvel, kvalm og få ein irriterande kløe
er ikkje nok til å meg til å slutte med "den lille bløde"
sjokoladen som smeltar i munnen på nokre få minutt
akkurat som beskreve i min "sjokoladestatutt"

ein statutt som no skal forandre alle "må" til "må ikkje"
no gjelder det å vere sterk og ikkje "klikke"
for da havnar eg nok nede ved automaten og legger på peng
- ser du meg der har du lov og gi meg deng

operasjon "nei til sjokolade" er herved i gang
satsar på at trangen til sjokolade forsvinner no som dagen er lang
om den ikkje gjør det så sprekker eg vel (igjen)
god helg til alle, både med og utan sjokolade klem

torsdag 3. desember 2009

SAP P01, P03 og strutsen.....

Det er sånn ca ein måned sidan no
at tida i SAP (nesten) berre var go,
men så, over natta blei forandringane store
og eg følte det som om eg var på fullstendig feil jorde

for ikkje var tilgangane som dei skulle vere
farlig å sei, for no får eg sikkert høre:"jammen kjære..."
det skulle du jo ordne på eiga hand du
og du ikkje gjordt det enno? Huttemegtu

søknaden blei sent
og det riktig fort, slik at det ikkje på nytt blei "glemt"
tre av fire gikk uten problem å få
for den siste måtte derimot tida berre gå

men brått var også den på plass
og innimellom gikk mailboxen nesten i d....
det "ramla" inn med workflow og mottakskontroll
dermed var det sant - P03 er eit mangehoda troll

opplæring og kurs er vel og bra
men praktisk gjennomgang er også bra å ha
"problemet" er imidlertid å rekke over alt
for det er ikkje alltid like lett å finne tid til alt du blir fortalt

det er der strutsen kjem inn i bildet mitt
den stikker hovudet i sanden, og løfter det så opp litt etter litt
"håpet" er at P03 er blitt borte
men nei da, den har nok ikkje gjordt det

her var det berre å brette opp armane og gjøre ein innsats
og vips - der var problema i P03 ein tilbakelagt "last"
det går foreløpig (kanskje) litt seint å komme i mål
men no gjennomfører eg både rekvisisjonar og workflow med stil som fortjener ein skål

God helg alle sammen !!!!

torsdag 15. oktober 2009

Fobi or not fobi.....

Det er ikkje sikkert du har kjent det på kroppen
at du berre står der og merkar kor det kokar i toppen
det som no skjer er ikkje noko du har planlagt og vil
men uansett kor hardt du prøver så får du det berre ikkje til

tingen kan ikkje forklarast på forståelig vis
men det er akkurat som "alt" forsvinner i ein eller ann tåkedis
du blir både stiv og stum
og for å være ærlig - du føler deg nok av og til litt dum

råda er mange -
men det hjelper ikkje eingang om dei er lange
til og med eg veit at nåler ikkje er farlige eller vonde og alt det der
du treng ikkje fortelle meg det, det virkar ikkje på denne kroppen her

influensa får vere så mykje influensa det vil
viljen den strekker enkelt og greitt ikkje til
for å overvinne frykten for nåler
nei, eg foretrekker heller å sjå kor mykje kroppen tåler

så influensavaksine er kort og godt ikkje noko for meg
det får ikkje hjelpe at den sikkert hjelper deg
får heller satse på at eg med tiden får bukt med den eine og så den andre
no får de ha god helg, eg må ut og finne ein ny fobi å klandre